Velkommen til Garveriet 

Garveriet, som er i 2,5 etg, er reist i bindingsverk på solide tørrmurar, veggane er kledde med liggande kledning og taket (saltak) er tekt med bølgjeblekk.

Første byggesteg tok til i 1880-åra og bygningen stod ferdig i 1896. Valser, barkemølle, valker og heis vart drive av eit stort vasshjul (4m i diameter og 1,5 m breidt) i elva/fossen like ved.

I åra fram til krigen var det produksjon av sålelær i garveriet. Det vart importert oksehuder frå Argentina. Parallelt med garvinga var barkeknusing ei attåtnæring i garveriet. Den knuste barken vart levert til andre garveri, reipslagarar og til fiskarar som trengde bark til barking av nøter.

Frå 1940 var garveriet i bruk til fiskeforedling og seinare til tørrfisklager. Etter krigen var der igjen garveriaktivitet ei periode fram til 1948. Sidan då har bygningen for det meste vore i bruk som lager.

Trass i at det ikkje har vore produksjon på alle desse åra so inneheld bygninga framleis alle funksjonar knytt til garveriverksemda. Produksjonsutstyret var først drive med vasskraft og seinare med elektrisitet.

I Nordhordland var det tidlegare mange garveri. Dei låg alltid som dette på Ytre Fosse; ved fjorden. Garveriverksemdene er for lenge sidan nedlagde i dette området og stadane der dei låg var tidlegare sentrale ferdselsårer med rutebåttrafikk. I dag har dei fleste av desse stadane blitt til bakevjer utan infrastruktur. Garveriet på Ytre Fosse skil seg her likevel frå dei andre gamle garveria ved at det ligg ved ein fjord der det framleis er mykje trafikk og blir sett av mange. Det gamle garveriet er godt synleg frå andre sida av sundet og frå fjorden, eller «den indre farleia» som den blir kalla. Mange båtreisande, anten med fritidsbåt eller dei mange skyssbåtane som trafikkerer sundet ser dagleg den store garveribygninga.

Garveriet leies i dag ut til kurs,brylluper osv.


Det er også ett mindre verksted for tradisjonshåndverk i underetasjen. 
 

ta gjerne kontakt for visning av lokalene for deres arrangement. 


Garveriet på Ytre-Fosse 

Skarsvegen 390
5911 Alversund  
daledrengen@hotmail.com
(+47) 40109894 / 90273070

 

Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang